onsdag 14. oktober 2009

RØYKING DREP


Den 12. oktober kom det fram i ei pressemelding frå Helse- og omsorgsdepartementet at det nå er vedteke at innan 2011 vil alle sigarettpakker i Noreg ha ”skremmebilete” på framsida. Ideen var på høyring tidligare i år og vart teke godt imot. Departementet meiner at det å bruke bilete som skremsel, er mykje meir effektivt enn å bruke tekst , og at røykjarar difor blir meir motiverte til å halde opp å røyke.

Alle veit at røyking er særs helseskadeleg, og dei som kanskje veit det best, er røykjarane sjølve. Eg trur at dei fleste som røykjer ikkje vil la seg påverke av desse skrekkbileta på anna vis enn at røykpakka sjeldnare vil liggje framme. Dei veit sjølvsagt kor skadeleg det er, men dei har gjort opp ei meining om at det ikkje kjem til å få dei til å halde opp med røykinga. Desse bileta kan og vere med på å skremme barn uturvande. Barn med foreldre som røykjer kan få heilt groteske idear om kva som kan henda med foreldra når berre fantasien får sleppe laus i samband med desse bileta. Det er sjølvsagt ingen som vil at foreldra skal døy. Men når det er sagt, så trur eg faktisk at bileta kan vere med å skremme unge personar som ikkje har starta å røykje endå, og slik få dei til ikkje å handle røyk. Difor kan desse bileta òg ha ein positiv verknad.

Men eg meiner, ein stad må grensa gå! Det er ikkje berre teksta på pakka som røkjarane må ta stilling til. Dei må òg finne seg i dei norske lovene som gjer det ulovleg å røykje i fleire offentlege samanhang, og å bli sett ned på av mange andre i det norske samfunnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar